No har eg nøsta opp silkeulla (... pluss eit nøste kvit merinoull til kvar), slik at det skal vere rikeleg til å strikke eit par Tommelise-vottar, også om ein doblar garnet for å få større vottar.
Når eg går til posten med garnet, kjem eg også til å sende ein tredje pakke avgarde: Nemleg vottane med grøne fuglar på (strikka i Cheeky Merino Joy). Desse går til den nystarta Facebook-gruppa "Strikk til flyktninger". Ei bokstaveleg tala bittelita gåve, men eg håpar ho kan varme små hender i vinter.
Dei to som vinn ein havblå Tommelise-garnpakke er nr. 8: Aashild Leithe Hetland, som skreiv: "Silkeull, den høres så god ut! Har aldri prøvd dette garnet."
Og nr 50: Solveig/Made by Solis: Votteboka står på ønskelisten ... Elle melle deg fortelle vanskelig å velge her, men jeg ender nok på Silkeull. Nytt garn for meg som jeg veldig gjerne skulle prøvd ut. Nå x-jeg strikkepinnene og venter i spenning :-)
Hurra og gratulerer! Og til alle de andre: Hjarteleg for innsatsen og fine kommentarar. Spennande å lese! Å dele ut garnpakkar er moro, så det blir nok fleire sjansar utover hausten.
Trekninga er gjort på nett, med hjelp av random number generator.
Å så kjekt 😀 og 1000 takk !!! Sender deg Mail og så kan jeg glede meg til å kose med noen nye nøster. Pakke i posten er aldri feil 😜
SvarSlettDet var en hyggelig overraskelse! Tusen hjertelig takk :-)
SvarSlettDenne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
SvarSlettDenne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
SvarSlett