Les gjerne også Vottelaugets fellesblogg:

29. november 2014

LYSANDE MASKER - shining stitches

Kven er det som sit der inne i varmen, medan snøfnugga dansar utanfor? Då eg bladde over til november i Kittelsen-kalenderen min, kom dette lysande biletet fram. Desse fargane ville eg også fange inn, i masker!

Og sanneleg: I fargepaletten til Holst Garn (Supersoft) var det full match med Kittelsen. Men istadenfor å strø endå meir pengar ut på nytt garn, bestemte eg meg for ta av Shetland-nøsta som allereie fanst i huset: "Marsipan" og "Brandy" frå Malsen og Mor, og "Coffee" frå Holst Garn  - litt av ein mektig mix å setje fram på bordet!


Og her er mørketid-skjerfet mitt, sånn cirka halvvegs. Eg hadde eigentleg planlagt eit enkelt skjerf med berre éin mønsterbord nedst på kvar side, og lettstrikka lus/snøfnugg på resten. 


Men det var så moro å prøve ulike variantar av mønsterborden, og då oppdage at både blomster, lauv og sommarfuglar kom fram, alt etter samansetjinga. Fargen Marsipan såg f.eks. temmeleg blass og beskjeden ut åleine, men på ein botn av mørkebrun kaffi lyser han verkeleg opp. 

Så kjære, lange mørketid: Istadenfor å forbanne deg, omfamnar eg deg med dette vesle skjerfet. Og vonlegvis blir det ferdigstrikka før våren kjem!

Merknad: 
Biletet "November" frå Aarets Maaneder (1890) av Theodor Kittelsen 
er henta frå wikiart.org (public domain)






Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...