Les gjerne også Vottelaugets fellesblogg:

9. desember 2010

JUVELAR I JULEGÅVE - jewels for Christmas



Jade-grønt og rubin-raudt. Med desse fargane har eg strikka min eigen variant av "Schneeflocke"-pulsvarmarane. Dermed forsvann dei isblå snøfnugga, og fram frå maskene kom skinande smykkesteinar istaden. Eller kanskje bittesmå drueklasar og saftige bringebær...? Det er rart korleis små masker kan endre karakter, alt etter farge og garntype.


Eg snudde opp-ned på originaloppskrifta, på fleire måtar: Eg starta øvst, altså oppe ved fingrane, slik at eg kunne lage "klase"-mønsteret først, medan eg funderte på korleis mansjetten skulle sjå ut. Eg bestemte meg så for glattstrikk-mansjett, med ein liten mønster-kant nedst (altså grøn variant). Men då eg prøvde pulsvarmarane på, syntest eg sanneleg at dei vart vel så fine opp-ned (altså raud variant)! Eller kva synest andre? I alle fall kan mottakaren velje sjølv, alt etter vêr og humør! Slikt er smart med tommel-lause pulsvarmarar. 


For første gong har eg prøvd ut silkeull-garnet "Tupa" frå Mirasol, der fargekartet tek utgangspunkt i juvelar og smykkesteinar. Og garnet skin verkeleg i vintermørkret! Ein viss del av salet av alle Mirasol-garn går til ein barneskule i Peru, og Mirasol har henta namnet sitt frå ei gjetarjente i Andesfjella, som symbol på dette arbeidet. Vonlegvis varmar altså denne julegåva fleire enn dei to norske mottakarane mine.

Nokre spør seg kanskje korleis eg kan brette ut potensielle julegåver på denne måten. Heile verda kan sjå denne bloggen, ja! - men ingen i min vesle krets av familie og venner  er blitt fortald om han, enno. Eg har tenkt å vente med slik "framsnakking", i alle fall til januar. Og om nokon kjende tilfeldigvis snublar innom her, så veit dei likevel ikkje kva for ei strikka-gåve dei får, eller om dei får éi i det heile ...




I have made my own twist of the wrist warmers-pattern "Schneeflocke" (Snowflake), with two different, shining colors of the silkwool yarn "Tupa" from Mirasol, named after jewels and ornamental stones. A portion of every purchase of Mirasol-yarn is dedicated directly to a school for children of shepherds in Peru. Somebody may wonder why I so openly show off my presents before Christmas. Well, I haven't told anyone close, neither friends nor family, about this blog ... yet :-)



oppskrift: "Schneeflocke" frå Seiden Atelier Gottlieben, i min eigen Silkesauen-variant
garn: "Tupa", 50% merinoull og 50% silke
løpelengd: 50 gr - 125 meter (brukte ca 33 gr per pulsvarmar-par)
farge: grøn nr 805 ("Jade") og raud nr 4/808 ("Ruby Red")
garn-firma: Mirasol 
pinnar: strømpepinnar nr 4


Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...