Les gjerne også Vottelaugets fellesblogg:

2. september 2017

Å strikke bærspannet fullt

Når ein bur midt i byen og lengtar etter moltemyrer og fjelluft, er det ikkje anna å gjere enn å strikke seg ein haug med herlege bær sjølv.

No har eg laga eit par moltevottar, der bæra modnar etter kvart som dei nærmar seg toppen. Dei fine, raud-oransje nyansane kan eg takke "Sauen på haugen" for, altså plantefarga garn frå kollega Anne i Vottelauget.

Utgangspunktet er den stilige oppskrifta "Blåbærskogen" av Wenche Roald, men for første gong har eg testa ein tommelvariant som m.a. blir kalla "fried chicken" eller "livslinje-tommel". Fungerte veldig fint! 

No har eg sanneleg allereie gitt bort desse moltevottane i bursdagsgåve, så eg må nok strikke eit nytt livslinje-par, for å få prøvd ut tommelgrepet i praksis. Eg er altså klar for ein ny bærtur! Blir du med?
Nostalgi: Moltefangsten frå i forfjor ...

7. desember 2016

Fuglehjarte - ei barnehue

På denne hua står fuglar og hjarte tett i tett, og kan varme små hovud i vinter. Kanskje ein julegåve-idé til nokon du kjenner? 

Oppskrifta vakna til liv då eg sat ved PCen og leika meg med diagrammet på vottemønsteret Eventyrlauv frå boka vår Eventyrvotter. Plutseleg forma hjarta seg om til fuglar, vottane vart til ei hue - og i toppen dukka ei optimistisk stjerne opp. 

Eg har bestemt meg for at alt sal av denne oppskrifta skal gå til Dråpen i havet (heimeside) i heile desember. Dråpen i havet er ein humanitær bistandsorganisasjon som arbeider for å hjelpe menneske på flukt, og dette blir mitt vesle bidrag i vinterkulden. 

Fuglehjarte blir publisert i dag (7. desember) og er til sals via Raverly. Oppskrifta er fleksibel både i størrelse og fargebruk. Du kan f. eks. velje om hua skal ha to eller tre fargar. Frå 1. januar 2017 blir Fuglehjarte ei vanleg kjøpe-oppskrift.

PS: Du treng ikkje vere medlem av Raverly for å handle der, 
og du treng heller ikkje ha ein PayPal-konto. 

6. mars 2016

Å STRIKKE EIT EVENTYREGG


"Det har jag aldrig provat förut, så det klarar jag säkert!" sa Pippi. 
Vel, eg hadde aldri strikka ein eggevarmar før, så då eg foreslo for dei andre i Vottelauget at vi kunne ha noko slikt som tema for mars, måtte eg sjølvsagt prøve ut om dette var liv laga. Her er resultatet!
Og det viser seg: Kan du strikke vottar, kan du også strikke eggevarmarar. Eller #eventyregg, som vi har døypt aksjonen vår. Og har du ikkje strikka vottar enno, kan eit eventyregg vere ein fin og lett inngang. Her treng du verken å streve med ein brysam tommel, eller bekymre deg for at lange trådsprang på innsida fører til at fingrar hektar seg fast. 

Mansjetten kan du også droppe. Eller kanskje kan nettopp mansjett-mønsteret bli til eit stilig eggevarmar?
På bloggen til Vottelauget kan du lese meir om aksjonen #eventyregg - og om reglane som gjeld om du vil delta i konkurransen med frist 31. mars. 
Slik strikka eg mine eventyregg:
Mine notatar er slett ingen fasit, men kan vonlegvis gi inspirasjon og praktiske tips - og kanskje har du endå lurare løysingar som du kan dele med oss?

Eg tok utgangspunkt i eit vanleg norsk hønseegg, men har du vaktlar eller ein struts i hagen må du sjølvsagt tilpasse størrelsen deretter ... 


:: Tommelise :: 
Det lettaste for meg var å starte med mitt eige design, nemleg babyvottane Tommelise. Det ferdige paret (blå) som er str. 3-6 mnd. viste seg å vere litt for smale til frukostegget mitt. 
Dermed la eg opp 2 ekstra kantmasker i gult på kvar side, for å få "eggevotten" litt breiare. Altså 40 m (istadenfor 36 m).

Bølgjemansjetten i starten droppa eg. Eg strikka istaden 3 riller i grønt (*1 omg vrangt, 1 omg rett* x 3) før eg starta på diagrammet. Eg følgde same felling som i oppskrifta, altså spiss felling a la Selbu. Til slutt pynta eg litt ekstra ved å brodere maskesting i rosa og grønt.

Garn: Rauma Finull
Pinnar: 3 mm
Strikkefastheit: 26 m/10 cm
Størrelse: breidde ca 7,5 cm (omkrets 15 cm) og høgde 10 cm


:: Reveenka/Harehopp ::
No visste eg at 40 m passa fint med mi strikkefastheit i Finull.
Eg fann fram diagrammet til Reveenka, og merka av hare-motivet, som går over 8 masker. 8 x 5 = 40 m. Først laga eg ein kort vrangbord over 5 omg, med *2 rette, 2 vrange".  Så var det harane sin tur. Desse har eg også prøvd ut på barnevottane "Harehopp". På eventyregget tok eg rundfelling, altså 1. omg. *3 m rett, 2 sm*. 2. omg: rett. 3. omg. *2 m rett, 2 sm" osv ... til eg hadde 8 m igjen.

Garn: Rauma Finull 
Pinnar: 2,5 mm (altså litt tynnare enn på Tommelise)
Strikkefastheit: 28 m/10 cm 
Størrelse: breidde ca 7 cm (omkrets 14,5 cm) og høgde 9 cm


:: Nordstjerna ::
No fekk eg lyst til å prøve ut mykje tjukkare garn, og fann fram to nøste med restegarn i Peer Gynt. Dette viste seg å passe perfekt til tommel-diagrammet på den vakre Nordstjerna av Wenche Roald. 

Tommel-diagrammet på 28 m + 1 ekstra kantmaske i kvar side = 30 m. 

Eg starta med ein kort mansjett, *1 rett, 1 vrang" over 3 omg. Deretter følgde eg diagrammet for tommel, og felte også på same måte som i oppskrifta. 

Garn: Peer Gynt frå Sandnes
Pinnar: 4 mm
Strikkefastheit: 22 cm/10 cm
Størrelse: breidde 7 cm (14 cm omkrets) og høgde 12 cm, altså temmeleg lang)

Neste gong vil eg nok ta to fargar med meir kontrast, slik at mønsteret kjem tydelegare fram. Og truleg ta 32 m (istadenfor 30 m).

:: Nøkken ::
Dei raude Nøkken-vottane har vore den store favoritten til 8-åringen min i vinter, og dei stirande augene måtte også få plass på eit eventyregg. Originaloppskrifta til Nøkken er Merete Jansvik Toft meister for. 

Eg la opp 40 m. Nøkken fekk påskegule tenner og grønskete skinn ved hjelp av fleirfarga vrangbord (som i oppskrifta på Grantreet), dvs *2 rette i gult, 2 vrange i grønt*. Auge-diagrammet plasserte eg med 3 masker avstand. Rundfelling som hos Judiths eggeluer. Og hårtustane drog eg gjennom ved hjelp av ei heklekrok.   

Garn: Cheeky Merino Joy frå Rosy Green Wool (her handfarga av Ninapetrina og Dandelion Yarns). 
Pinnar: 2,5 mm
Strikkefastheit: 30 m/10 cm
Størrelse: breidde 6,5 cm (omkrets 13 cm) og høgde 9 cm. 




Desse heimestrikka eventyregga veg mellom 6-11 gram, altså perfekte prosjekt for restegarn. No er eg spent på å sjå kva for eventyregg andre klekkjer ut i vekene framover! Lukke til!





10. november 2015

GYLLEN FLYGETUR - frå bygda til catwalken

Foto: Anne Sofie Fodstad (copyright)

Tenk at ulltrådar kan få venger - og flyge både i tid og rom!

Gullfuglen-vottane mine kom ut av "egget" på eit excel-skjema i fjor vinter, og etter mykje finpussing og teststrikking landa oppskrifta hos Aschehoug Forlag. 

Eit eksemplar av boka vår Eventyrvotter fann også vegen til ei makelaus kvinne eg ikkje hadde møtt før, nemleg Kristin Elise Halkjelsvik
i Fredrikstad.

Ho ville gjerne gjere Gullfuglen flygedyktig for catwalken, og utstyrte vottane med herlege paljettar og brusande fjør. Dette vart opningsantrekket under visninga hennar i Oslo 31. oktober.


Foto: Anne Mari Akslen i sjølvstrikka genser (copyright)
Og overdelen vart ein eventyrleg match: Ein genser frå 50-talet, som Kristin Elise hadde oppdaga hengande på ein knagg i eit gammalt hus i Ørsta. Det er heimbygda mi, det! 

Det viser seg at denne genseren vart strikka av den unge kvinna Anne Mari (f. 1941), medan ho gjette sauer under bratte, sunnmørske fjell. Og då genseren var ferdig, var ho vakkert styla for skitur! 

Sjå berre på dette fine vinterfotoet av Ann Mari, som eg har fått låne av dottera Marita Bett Aakre. Marita driv no Bakketunet på Bjørke i Ørsta, der Kristin Elise fann genseren då ho hadde utstilling der for fleire år sidan. Marita kan fortelje at namna på dei europeiske byane vart brodert på seinare av den same Ann Mari, men då torde ho heller ikkje å bruke genseren sin meir ..
.


Men omtrent seksti år seinare møtte altså desse gamle trådane min Gullfugl anno 2015, begge plagga i gult og brunt og med speglande, runde former. Og rykta fortel at det blir fleire flygeturar (les: visningar) av dette paret i framtida.

Vinn garn til Gullfuglen: Inspirert av alle dei flygande trådane i denne historia, vil eg no dele ut tre nøste av originalgarnet som eg brukte då eg laga Gullfuglen til boka, nemleg Shetland Soft frå Malsen og Mor (sjå fotoet over), med fargenamna "Kaffe" og "Solskinn". Det er ikkje mange gram som trengst til desse fjørlette vottane, så den som vinn, får også mykje til overs til andre prosjekt. 

Har du lyst å vere med i trekninga, kan du leggje igjen éin kommentar under innlegget her. Skriv også gjerne kva du strikkar/planlegg akkurat no. Fristen er: laurdag 14. november ved midnatt (dvs før søndagen startar). 


OPPDATERING (15. nov): Gratulerer, Siri! Trekninga viser at det er du som får Gullfugl-garnpakken frå meg. Du skreiv: "Fiiiine, fiiiiine vottene!! Akkurat nå strikkes det en restegarn genser til ei lita frøkenstrøken :)Dei tre nøsta kjem flygande til deg så snart eg får postadressa di. E-posten min er frida.fielding(AT)yahoo.com


Foto: Hilde Lorentzen (copyright). Modell: Hedda
kan du sjå og lese meir om visninga i Oslo 31, oktober (innlegg 7. nov.)
Eit portrett av henne og firmaet Makeløs kan du lese her, 
hos Tusenideer.no. På same nettside står også ein stor reportasje om handarbeidstreffet som visninga var ein del av. 
Foto & styling av Gullfuglen: Kristin Elise Halkjelsvik



25. september 2015

PÅ FUGLEJAKT - to catch a bird while knitting

Hausten kjem alltid med eit visst vemod, synest eg, ikkje minst når trekkfuglane flaksar forbi høgt der oppe på himmelen, på veg sørover.

Men då er det ikkje anna å gjere enn å finne fram garn og pinnar, og prøve å fange ein fugl eller to - i maskene! 

Eventyrfuglane mine frå babyvottane Tommelise (og Grantreet) er no sanneleg landa på ei hue.

Eg gjentok rett og slett vottediagrammet nokre gonger rundt "skallen", og dermed vart det eit passande hue-mønster. 

Å vere med i Vottelauget byr på mange gleder, ikkje minst at mjuke, herlege gåver plutseleg hamnar i fanget mitt. Dette fine, handfarga garnet frå Edinburgh hadde Ann med til oppvarminga vår før hagefesten hos Aschehoug i august. Sjølvsagt ville eg då strikke noko som er inspirert av boka vår!

Fleire har spurt meg kva slags fugleart eg eigentleg har laga. Vel, første gong fuglen dukka opp var på tommelen på Grantreet. Då tenkte eg på ei svale, fordi H. C. Andersen skriv at treet snakkar med svalene om våren.
 I eventyret om Tommelise er det også ei svale, som blir redda av Tommelise, og dei legg ut på ei luftig reise i lag. Men biologien har eg tolka temmeleg fritt, så det beste namnet er nok ein eventyrfugl.

Inspirasjonen kom frå fleire kantar, men ikkje minst frå tomlane på fuglevottane i den danske boka "Strik med nordisk tradition" av Vibeke Lind (1981, nyopptrykk 2013). Verkeleg ei skattkiste! 

Så, kva blir neste kapittel, skal tru ... Eit eventyrfugl-skjerf, kanskje?



3. september 2015

HAVBLÅ VINNARAR, LYSEGRØNT HÅP

Trekninga av Tommelise-garnet er over, og tilfeldigvis vart det havblått til begge vinnarane. 

No har eg nøsta opp silkeulla (... pluss eit nøste kvit merinoull til kvar), slik at det skal vere rikeleg til å strikke eit par Tommelise-vottar, også om ein doblar garnet for å få større vottar.

Når eg går til posten med garnet, kjem eg også til å sende ein tredje pakke avgarde: Nemleg vottane med grøne fuglar på (strikka i Cheeky Merino Joy). Desse går til den nystarta Facebook-gruppa "Strikk til flyktninger". Ei bokstaveleg tala bittelita gåve, men eg håpar ho kan varme små hender i vinter.

Dei to som vinn ein havblå Tommelise-garnpakke er nr. 8: Aashild Leithe Hetland, som skreiv: "Silkeull, den høres så god ut! Har aldri prøvd dette garnet."

Og nr 50: Solveig/Made by SolisVotteboka står på ønskelisten ... Elle melle deg fortelle vanskelig å velge her, men jeg ender nok på Silkeull. Nytt garn for meg som jeg veldig gjerne skulle prøvd ut. Nå x-jeg strikkepinnene og venter i spenning :-)

Hurra og gratulerer! Og til alle de andre: Hjarteleg for innsatsen og fine kommentarar. Spennande å lese!  Å dele ut garnpakkar er moro, så det blir nok fleire sjansar utover hausten.

PS: No treng eg altså postadressa til Aashild og Solveig slik at garnet landar på rett stad: 
De kan bruke e-postadressa mi frida.fielding(krøllalfa)yahoo.com  Oppdatering: Begge vinnarane har tatt kontakt!


Trekninga er gjort på nett, med hjelp av random number generator. 
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...